Kniver i Numedal og Tinn
Kniven har ei slir han sit i, og saman vart det kalla slirety. Slira kunne vera laga av lær eller tre. Lærslira kunne dei prege med mønster av uikt slag. Treslira kunne nok vera skore mønster i, men oftast var det veden som laga mønsteret i treslira. Det fordi dei bruka nutar, og rønnin ved til slireverkje. Da bruka dei same veden til knivskaftet og.
På staskniven hadde skaftet holk både oppe og nede. Holken kunne vera av messing, men helst av nysølv. Og dei flinkaste graverte i metallet ulike personleg mønster. Slira hadde holk oppe og nede også gravert i mønster som var i stil med det på kniven.
Knivbladet vart laga av smedane og var retteleg fagarbeid. Dei hadde alltid stålsett kjerne som var sveisa inn på same måte som for ljå. Mange gonger kunne ein ljåsmed banke ut ein ljå litt lenger enn vanleg. Den ytste delen klypte han av og laga knivblad av det. Men det vart rekna for juks, for da vart det stål i tangen og det skulle det ikkje vera, for da vart tangen hard å forme til. Kvar ljåsmed smidde fleire tusen knivblad, for behovet i marknaden var stort. Alle bruka kniv og alle var avhengig av kniven i dagleg arbeid.